Onsdag 27.mai inviterer me til kvardagstur til Dagsturhytta, etterfylt av sauna og bading på Voss Vandrarheim. Kanskje baren er open òg?
Oppmøte:
Kl. 17.30 ved Evangervegen 32, parkeringsplassen til Outdoor Norway.
Me går i roleg pratetempo opp til Dagsturhytta, tek oss tid til å nyta utsikta, før me ruslar ned att til Vandrarheimen. Der ventar ferdig oppvarma sauna. Me har reservert sauna frå kl. 19.30 til 20.50
Turen passar for dei fleste, og er ein fin måte å kombinera ein lett kveldstur med sosial hygge.
Ta med:
Badetøy
2 stk handklede ( Eit til å sitja på i saunaen og eit tørt til etterpå)
Vassflaske
Kanskje noko smått å spise
Turleiarar:
Astrid Prestegård
Runar Ekse Brandseth