DNT Unge Vaksne er ei nyoppstarta gruppe for alle mellom 20 - 40 år. Bli med!
Me går opp Hangurslia frå Mølstertunet, og nyt ein herleg yogatime ved gamle Hangursrestauranten.
Gradering/ vanskelegheitsgrad:
Middels (Blå): 450 høgdemeter og ca. 2 kilometer.
Turomtale:
Me fylgjer ein godt merka sti frå Mølstertunet opp Hangurslia til gamle Hangursrestauranten. Me går i eit roleg tempo gjennom tett skog som opnar seg opp i takt med høgdemeterane. Etter om lag ein god time når me gamle Hangursrestauranten. Her tek me ein pust i bakken og litt påfyll, før me slår ut yogamattene våre på terassen. Blir det dårlig vêr flyttar me oss inn under foajeen. Brandy står for ein herlig yogatime. Den vil vere 30-40 minutter, av stilen hatha yoga. Passar for både nybegynnar og erfarne yogis. Yoga-timen vil vere på engelsk.
Krav til deltakarane:
Gå tur på sti i bratt og ulent terreng.
Utstyr:
Oppmøte:
Parkeringa ved Mølstertunet kl. 17.30
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Kr 50,- for medlem
Kr 100,- for ikkje-medlem
Ynskjer du å bli medlem? Trykk her.
Turleiarar:
Astrid Prestegård, astridpreste@gmail.com, 98413133
Fotograf Panoramabilde Mølstertunet og Hangurstoppen: Svein Ulvund
English:
Join us for a refreshing June evening! We hike up Hangurslia from Mølstertunet and enjoy a yoga session by the old Hangur Restaurant. We follow a well-marked trail from Mølstertunet up through Hangurslia to the old Hangur Restaurant.
The hike is at a relaxed pace, passing through dense forest that gradually opens up as we gain elevation. After about one hour, we reach the old Hangur Restaurant. Here we take a short break and have a small snack before unrolling our yoga mats on the terrace. If the weather is poor, we will move indoors under the entrance canopy. Brandy will lead a wonderful yoga session lasting 30–40 minutes, in the style of Hatha yoga. The session is suitable for both beginners and experienced yogis. The yoga class will be held in English.