Vi arrangerer tur til Stemnebøveten på Hisarøy laurdag 6. juni, oppmøte på Stemnebø kl. 10.45.
Du kan bli med på turen frå Eivindvik kai, Nåra kai og Mjømna kai.
Båten går frå Eivindvik kl. 09.15, Nåra kl. 09.40 og frå Mjømna kl. 10.20.
For å få ei oversikt over kor mange som vil vere med, må vi ha påmelding til turen.
Turlaget betalar biletten.
Dersom båtturen blir full, går ferja frå Mjånes ferjekai (Eivindvik) kl. 09.30, og her kan de eventuelt organisere samkøyring på kaia. Ferja er gratis.
Turen startar frå grenda Stemnebø der vi følger ein gardsveg eit stykke opp i lia mot Stemnebøveten på 313 moh. Veten er ein del av eit historisk varslingsnettverk for å varsle ufred i området rundt Gulatinget.
Etter ein god pause på toppen følger vi ryggen av fjellet til Hjartås. Der tek vi ein stopp ved gamleskulen som no er grendahus. Etterpå går vi vegen tilbake til Stemnebø.
Vi har god tid på turen, så vi går i eit roleg tempo. Sjølve turen tek rundt 3 timar, omlag 1 time pr. etappe.
Ta med mat og drikke og kle deg etter været.
Mariann Nyhammar er med som lokal guide.
Turleiarar er Erene Wilberg, Sølvi Randal og Marit Gjersvoll.
Returen går frå Stemnebø med Solundir kl. 15.00 til Mjømna, Nåra og Eivindvik.
Ferja går eventuelt kl. 15.30.
Generelle vilkår for deltakelse: https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/
Velkommen på tur!