Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Jul 2026

Tur og kultur- Tur til Nundalen og Ofredal i Årdal 6. og 7. juli!

Mer informasjon
Tur og kultur- Tur til Nundalen og Ofredal i Årdal 6. og 7. juli!
IconSted
Kinn
Icon Tid
Icon Arrangør
Flora Turlag
Icon Kontaktperson

Tur til Nundalen og Ofredal i Årdal 6. og 7. juli!

Turleiarane har raude DNT vester

Turleiarar: Fred Arild Grøneng

Nundalen er ein dal i Årdal som vart fråflytt på sekstitalet då fluornedfall frå aluminiumsverket førte til at husdyra fekk skjelettmisformingar. Då budde der ca.100 menneske på fleire gardar og med eigen skule. Gardshusa er i dag forfalne, men ei foreining har halde vedlike husa på ein av gardane. 
Her kan ein lese litt om historia:  https://www.nrk.no/norge/xl/de-ble-norges-forste-miljoflyktninger-1.14066813
Vi dreg til Nundalen ved å køyre til Seimsdalen og vidare på god grusveg, til ei parkering ved vegenden. Derfrå er det lett å ta seg vidare til Nundalen. Vi går så vidare framover dalen så langt vi ønskjer, før vi returnerer. Vi er lova turfølgje og guiding både av det lokale turlaget og foreininga som har ansvaret for den vedlikehaldne garden.
Dette skjer på tysdagen den 7. juli
På måndagen, då vi kjem til Årdal, tek vi ein tur til Ofredal  med den gamle tømmerkaia. Dit køyrer vi først til Seimsdalen og så vidare gjennom Norges raraste tunnell  med ein motbakke som skyldast feilstikk av tunnelløpet. Den 8 km lange dalen ned mot fjorden og tømmerkaia er og ei oppleving. 
Ein kan lese meir om Ofredalen her: https://www.fjords.com/no/fjordene-pa-vestlandet/fjordguide/sognefjorden/indre-ofredal/
Vi samkøyrer frå Florø frå Rema på Evja 6. juli kl.09.00 og overnattar på Klingenberg hotell. Det vert middag  m/dessert og kaffi på hotellet og frukost neste dag pluss nistepakke og termospåfyll.
Pris for dette per pers i dobbeltrom er: kr. 1695. (Om mogeleg kan ein bestille enkeltrom som kostar kr.500 ekstra)
Middag på heimreisedagen den 7. juli kan vi ta på heimveg eller der passasjerane i kvar bil bestemmer seg for. 
Vi må ha bindande påmelding seinast måndag 29. juni kl. 15.
Vel møtt til ein spennande tur.


Kva treng du? Ta med rikeleg med drikke og niste. Gode kle og sko til tur, gjerne eit skift.

Spørsmål? Kontakt Fred Arild Grøneng, 991 66 451

Påmelding: Meld deg på i god tid, senest mandag 29 juni kl 15!


Velkommen på tur til Årdal!


Foto:

Icon Oppmøtested