Go Norsk Friluftsliv to main content
21. Jun 2026

Trollebotnsheia rundt

Mer informasjon
Trollebotnsheia rundt
IconSted
Høyanger
Icon Tid
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
Balestrand og Høyanger Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på tur med Balestrand og Høyanger Turlag. Trollebotnsheia Rundt går den 21. juni.

Oppmøte ved Høyanger vidaregåande skule kl. 10.00 der vi samkøyrer til startpunkt ved Nordalen (ved grusvegen ca. 1,5 km før dagsturhytta Synkenhytta).

Herifrå går vi samla mot ei slak stigning opp Nordalen og vidare i moderat stigning (ur og sti) opp til Trollebotnsvatnet som ligg på 900 moh. Turen held fram i fint og lettgått fjellterreng og på det høgste punktet 964 moh vil vi kunne sjå ned i Monsdalen på Vadheimsida av fjellet. Vidare tek vi oss ned mot Nedre Trollebotn der vi går tilbake til bilane ved Nordalen på grusveg (ca. 1 km).

Turen går berre i fint eller opplett vær. Er det varmt og flott sommarvær, legg vi opp til ein lengre pause ved eit av vatna om turfølgjet vil ha seg ein dukkert.

Turen blir utsatt om det framleis ligg snø i fjellet eller ved dårleg vær.

Tidsbruk: ca. 5-6 timar alt etter lengda på pausane. Turen er gradert som rød: krevande. Nokre blaute parti må påreknast.

Ta med mat og drikke og gjerne ekstra kle i sekken.

Påmelding via SMS til turleiar Frank Solvorn: mobil 99288810, Arvid Olausen: mobil 90678484

Icon Oppmøtested