Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Sep 2026

Senior: Tur frå Mørkve til Mørkvestølen

Mer informasjon
Senior: Tur frå Mørkve til Mørkvestølen
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Voss Utferdslag
skilaupar@gmail.com

Bli med på ein kulturhistorisk tur langs gamal og ny stølsveg, med soger om stølsliv, jakt og kjende minnestader.

Vi fyl delvis ny og gamal veg til stølen . Turleiar fortel om kultur med stølsliv, kjennemerke undervegs , gamle jakt og fangstmetodar. Vi stoppar ved budeiesteinen – der namn og ymse er hogd inn i steinen , m.a. SH på to plassar. Sjur Helgeland , hardingfelespelar og Styrk. Hirth, treskjerar med drakestil – har skore portalen til Hopperstad stabkyrkje , to hjarter tileigna budeier av kjærast på friarveg. Ved Sivorkvile er det soga om enkja Sigvor og dei 3 borna hennar. Stopp og på Tuftna . Soger og segner har turleiar lært av oldefar Sin 1868 – 1964. Siste stopp er øvste selet på stølen – der turleiar har bruksrett . Der vert det lunsj, div aktivitetar m.a Vikingleikar.

Gradering:

Middels/blå: Ca 7-8 km tur/retur.

Krav til deltakarar:

- Stødige sko 

- Vera vane til å gå dagsturar på denne distansen.

- Niste/drikke

- Klede etter veret. 

Oppmøte:

Avreise frå Amfi kl 10.00- retur Mørkve frå parkering ca kl 16.00.

Transport:

Samkøyring

Betaling kr. 100 til sjåfør på turdagen. 

Påmelding:

Til turleiar., tlf: 90419991 , epost : skilaupar@gmail.com

Gi beskjed til turleiar om du har høve til å stille med bil.

Icon Oppmøtested