Dette er del av den gamle ferdslevegen mellom Vik og Voss (Myrkdalen). I gamle dagar, før 1957 då køyrevegen opna, var han svært mykje brukt. Det er ein god, merka sti, i fint turterreng. – Me køyrer til Hestavollen på Vikafjellet, og går derifrå i noko stigning opp Hestakleivi og forbi Hestavatnet. Her oppe er det lett, kupert turterreng. Forbi høgste punktet på turen, og deretter forbi Buførevatnet, og ned forbi stølen i Vetle-Grungen. På slutten forandrar landskapet seg heilt; frå ope og lettleg, til ei trong gjel med kampesteinar, Grungagjelet. Ein fin tur!
Frammøte: Kaien i Vik, ved Kommunehuset.
Fellestransport med privatbil: ca. 20 min.
Lengde på gåtur, ca.: 8,1 km
Tidsbruk på gåtur, ca.: 3,0 timar
Høgdemeter, ca.: 170 m
Høgste punkt: 1059 moh.