Me køyrer så langt innover i Åfedtdalen i Feios som det er praktisk. Deretter er det for det meste jamn stigning (det meste på sti) oppover forbi Vetahaug til Vokeskorande. Dette er ein tur som få av oss har gått, for det meste går ein til Vokeskorane frå Varpet/Rambera. Tilbake prøver me få til eit litt anna vegval til bilane.
Frammøte: Kaien i Vik, ved Kommunehuset.
Fellestransport med privatbil: ca. 30 min.
Lengde på gåtur, ca.: 7,5 km
Tidsbruk på gåtur, ca.: 3,0 timar
Høgdemeter, ca.: 500 m
Høgste punkt: 997 moh.
Turleiar: Øydis Bøtun Tlf: 93222274
Kjentperson: Jofrid Tennefoss Helleland Tlf: 91357179