Saman med Førde historielag inviterer vi til hagevandring i Astruptunet denne ettermiddagen. Vi får høyre om det store hagerestaureringsprosjetet som er gjennomført, om Nikolai Astrup sitt liv og interesse for alt som kunne gro og vekse i dei bratte bakkane på Sandalsstrand. Ein tur innom galleriet og/eller dei gamle husa vert det også tid til. Bli med på vandring i det som no også er eit av Europas beste og flottaste historiske hageanlegg - heidra med Europa Nostra sin pris!
Hagevandringa kostar kr 200 som vi betalar i kafeen på Astruptunet før vandringa startar.
Samordna avreise frå Festplassen i Førde kl 17.00.
Passasjerar betalar kr 50 til sjåfør for transport.