Førde historielag og IST inviterer til ny Natur & kultur-tur. Vi går ferdsleråka frå Movatnet opp til garden Lia. I juni gjekk vi ferdsle- og skulevegen opp til Åsane på austsida av Gjelelva. Denne gongen går vi på vestsida av elva. Berit Gjerland fortel om aktivitet og ferdsel i området opp gjennom tidene. Vi parkerer på Mo jordbruksskule og går derifrå. Retur same vegen.
Det mørknar tidleg no, så vi har avreise frå Laksen på Festplassen kl. 16. Avgang frå parkeringsplassen på Mo ca kl 16.15.
Ved samkøyring betalar passasjerane kr 50 til sjåfør.