Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Sep 2026

Maridalen rundt (Vandregruppa)

Mer informasjon
Maridalen rundt (Vandregruppa)
IconSted
Oslo
Icon Tid
Kl. 00.00 - 00.00
Icon Arrangør
DNT Oslo og Omegn frivilligorganisert aktivitet
Icon Kontaktperson

Maridalen er eit kjent utgangspunkt for turar innover i marka. Denne gongen er det Maridalen sjølv som er målet for turen, og ikkje dei fjerne turmåla langt inne i marka. Dalen har mykje å by på. Takk vere drikkevassrestriksjonane er dalen ikkje blitt utbygd, og vi kan vandre i det flotte kulturlandskapet, slik det må ha vore mange stader i det som var Aker kommune før byen vaks utover  grensene. Turen tek til på Tåsen statsjon. Her er det eit lite grøntdrag opp til Hamnabakken og vidare innover til Grinda der vi finn blåstiar som går innover i marka. 

Vi går dels på blåsti, dels på umerka sti og til slutt på turveg inn til Hammeren. Frå Hammeren til Maridalen kirke går vi på turveg i det vakre jordbrukslandskapet, med utsyn mot Maridalsvatnet. Vidare finn vi oss umerka stiar fram til sørenden av Dausjøen. Vi kryssar Dausjøelva og går opp på Dausjøberget. Her må vi ta oss fram utanfor sti og krysse eit dalsøkk før vi finn fram til ein sti som tek oss til Sander gard på austsida av Maridalsvatnet, der det er ein undergang under Gjøvikbanen. Stien held fram til Monsetangen, og deretter bratt opp til Kringla. Vidare langs Kringla og Langevann og over til Linderudkollen, der det er servering.

Etter ein pause på Linderudkollen tek vi oss tilbake til Langevann, og finn fram til stien som tek oss til Trollvann og deretter bratt opp til Grefsenkollen, der det på fine dagar aular av folk som nyt utsynet over byen. Vi søkjer i staden inn att i skogen på ein umerka sti som fører fram til det som kanskje er det beste utsiktspunktet, og som også er utgangspunkt for paraglidererar som svevar ned til Myrerjordet på Kjelsås. Vi held heller fram til fots også for avslutninga av turen, og går via endå eit utsiktspunkt ned til Akebakken (busshaldeplass), der det er bussamband til Storo og Nydalen.

Turen er på om lag to mil. Det er mykje å sjå på langs ruta, og mange opp- og nedstigingar, så vi set av heile dagen, vi reknar med å vere framme i fem–seks-tida.

Oppmøte: Tåsen stasjon kl 9 (vi ventar på t-banen frå sentrum som skal vere framme kl 0903).

Utstyr: Ta med klede som høver for veret som er meldt. Sidan vi skal gå litt utanfor sti, tilrår vi sko med god såle, anten lette fjellsko eller terrengjoggesko.

Icon Oppmøtested