Detet er ein helst lett, og middels lang tur på «halvøya» mellom Arnafjorden (Indrefjorden) og Framfjorden. Mykje av turen går utanom sti. I fint ver, er det fantastisk utsikt over Arnafjorden. Dessutan går ein forbi den spesielle fjellknausen; Klebberg.
Felleskøyring med bilar frå kaien ved kommunehuset i Vik. Avreise kl. 10.30. Me køyrer bil til Bjergane på Vikafjellet (890 moh), ca. 40 min. køyring. Gåturen startar på den gode stien som går mot Stølsheimen (Rappen). På høgda ved Englandsøyskaret, tek me til høgre. Her er ingen sti, men fint å gå nordover til Fagermyrtoppane, 1026 moh., og høgste punkt på turen. Vidare nedover ein liten, grøn dal, til Klebbergvatnet. På hi sida av det vesle vatnet, ligg fjellknausen Klebberg, som består av den mjuke bergarten kleberstein. Denne er lett å rissa i, og dette er gjort mykje av opp gjennom åra, med namn ol. Sidan det er kulturminne, skal me ikkje gjera det. Me går vidare nordover, til me kjem til Høgstaberget, og har den fine utsikta beint ned i Indrefjorden, gardane der nede og fjella i området. Heimover går me på andre sida av Klebberg, her går me mykje i lyng og grasbakke, til me treffer på stølsvegen frå Framfjorden til Bjergane, og går til parkeringsplassen.
Det er ein tur på ca.11 km, med totalt ca. 400 høgdemeter. Me reknar med ca. 5 – 6 timar på gåturen i roleg tempo. Gode turklede, og gode sko (det kan vera litt vått). Mat for ein dag i fjellet. Turleiar Hanne Christin Finne, 95941478. hanne.christin.finne@sogn.no
D



