Bli med på plassvandring, Brunkeberg
Kviteseid historielag starta i 2022 på eit bokverk om husmannsplassar i Kviteseid. Femte bok handlar bl.a. om plassar i Brunkeberg.
Plassane vi skal innom ligg innanfor ein strekning på ca. 8 km, og vi reknar med å bruke ca. 4 timar. Vi går stort sett på grusvegar og sti. På turen gjeng me forbi det som ein gong var husmannsplassane: Slettekos, Haugli, Haugan, Stallshaug, Omsberg, Noraberg, Omland og Midtveit. Me tek ei matpause ca. halvegs på turen.
Du bør ha godt fottøy som tåler væte, og klær etter vêrforhold. Ta med sitteunderlag, drikke og niste.
Oppmøte kl. 10.00 ved Brunkebergkrysset.
Turleiar: Jan G. Haugen og Aud Eli Undheim, info: sms/tlf. 911 20248.
Kjentmann: Jan Toralf Omtveit
Velkommen til ei hyggeleg historievandring!
Bilete er frå boka.
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lese og aksepterer vilkåra som er beskrive i våre Generelle vilkår.