På vegen blir det nokre stopp der det vil bli fortalt om spor frå jernalder, Ingridsteinen, gravhaugar, spora etter torvuttak/«torvfabrikk» i myra bak Ingridsteinen, fiskarbonden og om kystfortet.
Alle desse kulturminna vil gro att og forsvinne, om vi ikkje tek vare på dei. Fokus for vandringa vil, i tråd med temaet for årets kulturverndagar, være bevaring av og ivaretaking av kulturarven vi har.
Det blir kafé på Løvikremma frå kl 12 til kl 16.
Historisk vandring startar kl 12.30, dette passar godt med ferje kl 11.45 frå Hollingsholmen.
Ordføraren deltek på arrangementet.