Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Jul 2026

Grønne minner – nyttevekstkurs på tur

Mer informasjon
Grønne minner – nyttevekstkurs på tur
IconSted
Voss
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sogn og Voss sopp- og nyttevekstforening.
Icon Kontaktperson
Paula Jimena Clavijo
jimeniprc@hotmail.com

Kurs i spiselige ville vekster og plantepreparat

Hagane på Flatlandsmo (5. juli)
Kurs i spiselige ville vekster og plantepreparater
Tid og stad:  5. juli kl. 11–15, Hagane på Flatlandsmo, Voss
Har du lyst til å lære meir om det som veks rett utanfor døra di?
Denne dagen tek me deg med ut i naturen for å oppdage plantar som både kan etast og brukast i enkle, naturlege preparat. Me går ein roleg tur i området, stoppar opp, ser, luktar og lærer – og blir kjende med plantar du kanskje har gått forbi mange gongar før.
Etter turen flyttar me oss inn og jobbar vidare med det me har funne 🌿
Her får du vere med på eit lite, praktisk verkstad der me lagar enkle produkt du kan bruke heime.
I løpet av dagen lagar me:
  • leppebalsam / salve med urter
  • urtesalt/sukker
  • fermentert drikke
Me serverer urtete undervegs, og du får smake på små rettar laga med ville plantar – ei fin påminning om kor enkelt det kan vere å bruke naturen i kvardagen.
Dette kurset passar for deg som er nysgjerrig, enten du er heilt ny eller har litt erfaring frå før.
Dette er inkludert i prisen:
  • Guida tur i naturen
  • Praktisk verkstad
  • PDF-guide
  • Urtete og smaksprøver
Kurshaldarar:
Laura Rudin & Jimena Clavijo – Grønne Minner 
Varigheit: ca. 4 timar
Oppmøtedetaljer

Hagane på Flatlandsmo

Vis i kart
Icon Oppmøtested