Naturfestivalen inviterer til workshop om fjellmedisin for erfarne turfolk torsdag 13.august :)
Kva er fjellmedisin?
Fjellmedisin er eit vidt begrep, som tar utgangspunkt i all fyrstehjelp som skjer utanfor allfarveg. Om turen går i havkajakk på Stadt, i eit elvejuv i Valldal, på klatretur i Molladalen, bretur på Kolåstind eller fisketur i fjellvatn i Dalsfjorden. Eit av måla med workshopen er å finne ut kva vi faktisk treng å ha med oss på tur.
I løpet av denne kvelden vil du mellom anna få lære meir om:
- Kva treng vi å ha med i sekken
- Kva uhell/skader kjem vi utfor i fjellet
- Korleis handtere desse situasjonane
- Praktisk handtering av nedkjølte personar
Workshopen er ei viareføring av workshopen som blei heldt på Naturfestivalen 2025, og dermed er også dei som var med der velkomne i år også.
Program
Workshop’en blir innledningsvis gjennomført som ein samtale, mellom deltakerar og Sindre. Målet med samtalen er å auke bevisstheita til deltakerane rundt kva vi faktisk trenger å ha med oss i sekken, kva uhell/skadar som oftast rammar personar på tur og korleis handtere desse situasjonane når det er langt til hjelp. Det blir rom for deltakerar å kome med sine eigne erfaringar.
Størstedelen av workshopen vil bli brukt litt praktiske øvingar og gjennomgang av handtering av nedkjølte personar.
Kven er dette for?
Denne workshopen er for fjellvandte som er mye på tur og som har grunnleggengde forhold til og interesse for fystehjelp. Dess meir ein kan i forkant, dess meir utbytte vil ein få ut av kvelden.
Kven held workshopen?
Sindre er utdanna ambulansefagarbeidar og sjukepleiar, har erfaring frå arbeid i ambulanse og akuttmottak. Han er aktiv fjellklatrar, elvepadlar og fjelløpar. I tillegg har han erfaring frå skipatrulje, skredredning, elveredning og fjellredning
Ta med: Ta med fystehjelpsutstyr du har med på tur, vindsekk, liggeunderlag, isolasjonsjakke, godt med kle, ein tursekk, hue/buff, litt mat og drikke hvis du vil.
Deltakare: Det er 15 plasser på workshopen.
Turen er en del av Naturfestivalen i Ørsta/Volda 8-16 august. Det er mange friluftsaktiviteter hver dag under festivalen. Sjekk resten av programmet her! Vi søker flere frivillige som vil bidra på festivalen, ta kontakt med oss hvis du kan være interessert.