Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Jul 2026

Festivaltur til Lisjehesten

Mer informasjon
Festivaltur til Lisjehesten
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

I samarbeid med Førdefestivalen inviterer vi til tur til Lisjehesten (912 moh). Området der Hestane (Storehesten og Lisjehesten) ligg, er del av eit spesielt geologisk område – den kaledonske fjellkjede, og er ein del av Fjordkysten UNESCO Global Geopark. 

Turen startar ved parkeringsplassen på Stølshaugane (450 moh). Vi går på god sti opp til dagsturhytta Skaraly (700 moh), med nokre småstopp undervegs for å sjå på og høyre om ulike geologiske fenomen. Det er jamn stigning opp til Skaraly. Frå Skaraly følgjer vi T-merka rute til topps på Lisjehesten. Det er litt motbakke før ein kjem opp på ryggen og går vidare i austleg retning i lett kupert terreng mot Lisjehesten. Det siste stykke opp på Lisjehesten er det lett klyving utan at det er for luftig. Frå toppen har ein flott utsikt i alle retningar. Så går vi same vegen tilbake og det vert nydeleg konsert på Skaraly med den engelske songaren og naturelskaren Sam Lee. 

Turen er omlag 9 km tur/retur med omlag 500 høgdemeter opp-/nedstigning. 

Turleiarar er Reidun Kristiansen og Astrid Sundset Moe. Med på turen er også geolog Even Vie som vil fortelje om den spesielle geologien i området.

Følgjande gjeld på IST sine turar:

  • Turane vert gjennomførte som frivillig dugnad. Turleiarane har god kompetanse, men alle deltakarar har ansvar for seg sjølv og eige utstyr. IST følgjer DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar.
  • Samkøyring vert avtalt der det er aktuelt. Passasjerar betaler vanlegvis kr 50 per person for turar inntil 40 km kvar veg. For lengre turar tilrår vi 3,5 kr/km delt på tal passasjerar. Eventuelle bompengar og parkeringsavgifter vert fordelte.
  • DNT har ei sett med ulike pakkelister her: https://www.dnt.no/pakkelister/.  
  • Som deltakar kan du bli fotografert av turleiarar eller andre deltakarar, og bileta kan bli brukte i IST sine kanalar. Gje beskjed til turleiar om du ikkje ønskjer å bli fotografert.

Det vert samordna avreise i privatbilar frå Festplassen v/Laksen kl 09.00. Avgang frå parkeringsplassen på Stølshaugane kl 09.45. 

Geolog Even Vie fortel følgjande: 

"Fjordkysten UNESCO Global Geopark dekker kommunane Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll og tidlegare Gaular. Her får ein oppleve spor etter ei av dei mektigaste fjellkjedene som nokon gong har eksistert – den kaledonske fjellkjeda, som var på storleik med dagens Himalaya. På korte avstandar kan ein sjå både korleis ei fjellkjede vart til, og korleis ho sidan gjekk i oppløysing.

På tur til Kvamshesten kjem ein tett på eitt av devonbassenga som vart danna i området. Her finn ein lagdelte sedimentære bergartar som vart avsette i elver og innsjøar for hundrevis av millionar år sidan. Samstundes ser ein spor etter dei enorme kreftene som strekte jordskorpa under fjellkjeda sin kollaps. Kvamshesten er difor ikkje berre eit flott turmål – det er eit levande geologisk arkiv som gir oss eit unikt innblikk i jorda si dramatiske historie."


Icon Oppmøtested