Aurland padlelag inviterer til fellestur tysdag 9.juni i vakre Nærøyfjorden.
Oppmøte seinast kl 17.30 på Bakka.
Me går først kort gjennom litt informasjon, klargjer kajakkar og padlar så utover Nærøyfjorden. Målet er å vere komen på fjorden før kl 18.
Me padlar om lag 2 timar før me går i land att på Bakka ca kl 20. Der lastar me alle kajakkane på hengaren til Njord og turen vert avslutta der.
Alle syter for eigen transport til og frå Bakka.
Ta kontakt om du treng skyss, så kan me prøve å hjelpe med samkøyring.
Njord transporterer kajakkkane til Aurland padlelag og evt. leigekajakkar frå Njord til og frå Bakka. Det kan også vere at me har plass til nokre få private kajakkar. Me avtalar nærmare frakt av private kajakkar med dei det gjeld.
Guide frå Njord vert med oss på turen som sikkerheitsansvarleg slik at alle skal føle seg trygge. Her er både nybegynnarar og meir erfarne velkomne! Du må ikkje ha våttkort for å delta på turen.
Padleturen er gratis for alle, men om du ikkje har eigen privat kajakk må du betale 500 kr for leige av Njord sine kajakkar, betaling skjer via turlaget. Aurland padlelag sine 5 kajakkar er også til disposisjon til utleigepris 100 kr for DNT-medlem og 300 kr for ikkje-medlem.
Førstemann til mølla!
Hugs å ta med:
• Varme klede. Gjerne klede som toler litt vatn. Det kan bli kaldt, ullklede er ofte lurt. Klesskift er lurt å ha med.
• Matpakke og drikke.
• Kajakk og utstyr - dersom du ikkje skal leige.
• Vanntette posar/plastposar til klesskift og mobil.
• Solbriller, caps og solkrem viss fint ver. Caps er også fint i regnvær.
Påmelding til Ingrid på sms 48 25 03 06 innan fredag 5.juni kl 14.
Skriv i påmeldinga namnet ditt, alder og om du treng å leige kajakk frå Aurland padlelag/Njord eller om du stiller med eigen kajakk.
Dersom veret blir svært dårleg og me får mykje vind vil turen bli avlyst kvelden før. I så fall vil dei påmeldte få direkte beskjed.
Ta gjerne kontakt på 48 25 03 06 viss spørsmål.
Helsing styret i Aurland padlelag
v/ Monica Gjesdal Larsen, Torill Torsvik Ebne og Ingrid Steine Bortne
Takk til våre rause sponsorar: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Aurland Hamnnevesen KF, Flåm Utvikling AS, Hafslund AS, Sogn Sparebank og Aurland Energiverk AS.