Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Aug 2026

Familietur uti det fri

Mer informasjon
Familietur uti det fri
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Jølster Jeger- og Fiskarforeining

Bli med på ein kjekk og sosial familietur i naturen! Turen er overkommeleg for alle – også dei med små barneføter. Vi går i roleg tempo og legg til rette for gode opplevingar undervegs.

Vel framme slår vi leir ved elva og et medbrakt niste. Her blir det frileik med det ein finn rundt seg i naturen, og barna (og dei vaksne) får utforske, leike og bruke fantasien. Vi byggjer oss ein varde på den høgste toppen, og om forholda ligg til rette, tenner vi bål.

Dette er eit lågterskeltilbod der målet er å vere saman ute, kjenne på turglede og skape gode minner i naturen. Alle er velkomne!

Icon Oppmøtested