Bli med DNT unge Vaksne Voss på ein klassikar mellom noko av det flottaste høgfjellsnaturen i Noreg. Turen følgjer den historiske Rallarvegen - anleggsvegen som blei bygd under arbeidet med Bergensbanen rundt førre hundreårsskifte.
Gradering:
Krevande sykkeltur, 78,4 km, +347 høgdemeter stigning og 1370 høgdemeter nedstigning. Turen er fordelt på to dagar/to etappar.

Turomtale
Bli med DNT Unge Vaksne Voss på sykkeltur langs den legendariske Rallarvegen! Vi syklar gjennom noko av den vakraste høgfjellsnaturen i Noreg.. Undervegs får vi oppleve spektakulære utsyn, fossande elvar, gamle steinmurar og ei reise gjennom norsk jernbanehistorie – alt frå sykkelsetet. Langs ruta passerer vi ei rekkje klare fjellvatn, elver og bekkar, og det vil vere gode moglegheiter for forfriskande bad for dei som ønskjer det.
Dag 1
Voss – Haugastøl – Finse – Hallingskeid 48-49 km, sykkeltid ca 6-8 timar.
Me tek toget som gå frå Voss 07.28 til Haugastøl. Hugs å bestilla togbillett i god tid, toget blir fort fullbooka. På Haugastøl leiger me syklar her kjem det nok til å gå ein time før me kan starte å sykla. Frå Haugastøl startar me turen langs Rallarvegen aust–vest gjennom ope høgfjellsterreng mot Finse. Denne delen av turen går hovudsakleg svakt oppover og passar fint som innleiing. Ved Rallarmuseet kan me ta ein pause med rallarvaflar og sluskesuppe. Etter Tågevatnet startar nedstigninga. Vegen er noko grov ned mot Grjotrust, før han blir lettare vidare mot Hallingskeid. Undervegs passerer vi vegens høgaste punkt på over 1300 moh. Dagen blir avslutta ved hytta på Hallingskeid og me håpar å vær rundt kl 16.30 om alt går etter planen. Her er det moglegheit for felles middag. For dei ekstra spreke kan det vere mogleg med eit raskt kveldsbad i nærliggande vatn.
Dag 2
Hallingskeid – Myrdal – Flåm, 32 km ca 3-5 t avhengig av vêr og pause.
Frå Hallingskeid går turen vidare langs Grøndalsvatnet og Kleivavatnet mot det tronge Klevagjelet. Her følgjer me elver og vatn som renn ned frå høgfjellet, og det kan vere fine høve til korte stopp langs vatnet. Ved Myrdal stasjon fortsetter me på Rallarvegen videre nedover mot Flom. Her møter me den spektakulære og bratte nedstigninga gjennom de 21 hårnålssvingane i Myrdalsberget. Videre ruller me gjennom den frodige Flåmsdalen, forbi den mektige Kjosfossen og vakre Flåmselvi, før turen avsluttes helt nede ved fjorden i Flåm. Me levere frå oss syklane her og tek bussen tilbake til Voss klokka 16.10.
Denne turen er ein koseleg sykkeltur - ikkje ein treningstur. Me held eit jamt og roleg tempi, slik at det er mogleg å
Krav til deltakerar:
God fysisk form, har sykla før, komfertabel med å sykle på laus grus, ha utholdenhet til å sykla lange strekker. Turen passer for deg som: er komfortabel med å sykle i fleire timar i roleg-medium tempo. Ønskjer ein sosial tur med naturoppleving og har realistiske forvetningar til lengde og varighet.
Deltakerantall:
7 stk. Kan blir meir om interessen blir stor.
Utstyr:
Denne turen krever riktig bekledning og utstyr i sekken. Me viser derfor til vår pakkeliste sommer
Anna viktig utstyr:
Hjelm er påbudt på denne turen! Du kan ha med egen hjelm eller leie/kjøpe på Haugastøl Turistsenter
Vind- og regnklede
Varme klede
Mat og drikke
Niste og snack til kvar dag på sykkelen
Liten sekk eller sykkelveske (sykkelveske kan ein leige på Haugastøl, men det kan vera lurt å reservera fordi det kan vera utleigd når ein kjem på dagen)
Lakenpose
Tips: Badekle er valfritt – men anbefalt for dei som vil nyte høgfjellet fullt ut!
NB! Sykelpumpe og reprasjonskit er inkludert i sykkelutleigen.
Oppmøte:
Voss stasjon. Transport med tog må betales av den enkelte kursdeltaker. Me oppmodar deltakerere til å booke billett i god tid før kursstart.
Avreise Voss - Hallingskeid, tog går kl 07.28.Oppmøte på Voss togstasjon er kl 07.15
Pris:
1353 kr per person.Pris inkl overnatting Hallingskeid og sykkelutleige. Pris gjeld for både medlem og ikkje medlem.
Påmelding:
Binande påmelding innnan 12. august. Me ynskjer at du melder deg på så raskt som råd grunna gjennomføring både booking av syklar men også buss og togbillett.
Merknad
Om nokon må trekke seg tett mot turen, vil det være for seint å få refundert påmeldingsavgift - dette er noko kvar deltaker må dekke sjølv.
Påmeldinga er bindane og ein bør ikkje melde seg på dersom ein er usikker. Når deltaker har mottatt ordrebekreftelse på e-post og fått plass på turen refunderes ikke innbetalt påmeldingsavgift.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko sombetyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiellguiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samtå ta med andre på gode opplevingar ute.
Turleiar:
Ragnhild Sørgård Lid, ragnhildsorl@gmail.com, 41232614,
Anita Tysseland , anita_tys@hotmail.com, 93840390
Elin Grytten Sandnes: 90068991
Forsidebilete og bilete av graf : Haugastøl