Bli med på ein sosial og luftig klatretur i Loen saman med DNT ung.
Via ferrataen går i sikra rute med vaiar og stigtrinn, og turen blir gjennomført i roleg tempo saman med autorisert guide. Dette passar også for deg som ikkje har klatra via ferrata før, men som har normal god form og ikkje er redd for høgde.
Oppmøte kl. 10.30, med start på via ferrata kl. 11.00. Etter klatringa tek vi gondol (Loen Skylift) ned frå fjellet.
Prisen inkluderer leige av alt nødvendig via ferrata-utstyr, guide og nedfart med gondol.
Du må sjølv ha gode sko, klede etter veret, drikke og niste.
Turen er luftig, og alle må følgje instruksjonar frå guide undervegs.
Mari Skaare frå DNT ung vil ta dykk i mot ved ankomst i Loen.
Sjå meir om Via Ferrata Loen her: https://www.loenskylift.no/viaferrataloen