Go Norsk Friluftsliv to main content
31. Jul 2026

DNT ung: Surfecamp i Hoddevik

Mer informasjon
DNT ung: Surfecamp i Hoddevik
IconSted
Stad
Icon Tid
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi i DNT ung Sunnfjord gir DEG moglegheita til å oppleve ein surfecamp på ein av dei vakraste stadane i Noreg! 
Du finn denne surfe-campen i Hoddevik på Stadtlandet. Her har du sjansen til å bli kjend med friluftsglade ungdommar, oppleve flott natur og teste ut ein ny aktivitet. 
Turen passar for alle som har lyst til å prøve seg på surfing. Om ein er nybegynnar eller har stått før, alle er velkomne! 
Bli med å teste ut surfing i Hoddevik saman med oss denne sommaren! 

Aktiviteten passar for deg mellom 16 og 21 år!

Program:

Fredag 31. Juli: Oppmøte i Hoddevik innan kl. 13.30. Surfekurs på fredag klokka 14.00: Surfekurs med instruktørar, alt surfeutstyr inkludert. Surfekurset varer i ca 2,5 timar og deltakarane kan fritt nytte utstyret resten av dagen etter kurset er ferdig. Husk badeklede til å ha under våtdrakt og handkle! 

Lørdag 01. August: Surfing, kveldskos og bading! 

Søndag 02. August:  Avreisedag. Pakke og rydde ut av hytter.

Transport:

Deltakar er sjølv ansvarleg for transport til og frå Selje/Hoddevik.  
Campen kan passe med hutigbåt til Askvoll- Florø -Selje som er framme 13:05 fredag og ev avreise sundag kl.15.10.
Utgifter til transport dekkast av den enkelte.Etter påmelding kan vi prøve å koordinere samkøyring eller eventuelt bestille fellestransport til/frå båten i Selje – litt avhengig av kvar folk kjem frå.
Skriv kvar du skal reise frå og transportmåte i kommentarfeltet, ev koordinering må skje etter påmelding. 

Mat: 

DNT står ansvarleg for to varme måltid: kvelds fredag og middag laurdag. Deltakar er sjølv ansvarleg for frukost og lunsj, samt mellommåltid og eventuelle snacks. Matboks og drikkeflaske til niste er lurt. Dette blir ei aktiv helg, så det er viktig å ha med nok mat! OBS! Om ein har allergiar, skriv i påmeldig!Prisen inkluderar: overnatting, surfekurs og alt leigeutstyr i 2 dagar samt to felles middagar. Campen er delvis finansiert av frifondmidlar. 
Bli medlem i DNT ung (350 kr/år) for å få mest moro for pengane!

Utstyrsliste:

-    To sett ullundertøy (stillongs og unntrøye) 

-    Ullsokkar 

-    Boblejakke/ tjukk ullgenser: Varme klede for å halde varmen etter å ha vore ute i vatnet 

-    Klede etter vêr og forhold 

-    Badeklede 

-    Sengetøy(lakenpose) 

-    Handkle (lite og stort) 

-    Solkrem 

-    Toalettsaker

-    Solbriller 

-    Mat og drikke til 2 frukostar og 2 lunsj + mellommåltid

-    Snacks

Icon Oppmøtested