Bli med på nokre spennande dagar med aktivitetar og opplevingar på Sandane!
Vi inviterar DNT Ung Camp der deltakarane får prøve seg på fleire morosamme og utfordrande aktivitetar som;
Innandørs klatring - utfordre deg sjølv i klatreveggen
Stisykling - prøv stisykling i tilrettelagt løype for alle nivå!
Mat på bål, popcorn & overnatting i Hengekøye!
Dette er ein perfekt moglegheit for å bli kjent med andre, nyte naturen og utvikle nye ferdigheiter!
Overnatting i TIN-camp: TIN-camp har fleire gapahukar der ein kan liggje på benkar eller henge opp hengekøye. Det er også tilgang til utedo. Sjå det fine turområdet i Trivselsskogen.
Utstyrsliste deltakarar:
(Vi anbefalar å nytte kommunale utlånsordningar som BUA for å låne turutstyr gratis).
Pakk i sekk
- Liggjeunderlag
- Sovepose
- Hengekøye (om du har eiga, elles får du låne hjå oss)
- Klede som held deg varm og tørr, inkludert hue, buff og vottar. Pakk vasstett (t.d. ved å leggje i plastposar) - Myggmiddel
- Hovudlykt
- Matpakke til lunsj torsdag
- Tallerken/matboks, turkopp og bestikk
- Drikkevatn til eit døgn
- Enkle toalettsaker
Detaljert program vert sendt ut i forkant av leiren.
Leiren vert arrangert av Midtre Nordfjord Turlag i samarbeid med DNT Sogn og Fjordane. Det er både ungdsomsleiarar og vaksne leirleiarar frå Midtre Nordfjord Turlag med under heile opphaldet.