Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Oct 2026

Bli med Barnas Turlag til Dagsturhytta «Fjordsyn» på Stanghelle!

Mer informasjon
Bli med Barnas Turlag til Dagsturhytta «Fjordsyn» på Stanghelle!
IconSted
Vaksdal
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Vaksdal
Icon Kontaktperson

Er du klar for ein herleg haustsøndag i fjøresteinen og på stien? Barnas Turlag inviterer store og små med på ein lett og barnevenleg tur til dagsturhytta «Fjordsyn» på Tettaneset!

Om turen og terrenget

Me startar ved friluftsområdet i Agnavika. Dei første 80 metrane følgjer me vegen før me svingar inn på ein god, lettgått sti gjennom skog og over berg ut mot Tettaneset. Terrenget er lett kupert og byr på mykje spennande natur for nysgjerrige oppdagarar.  

Merk: Delar av stien kan vera fuktig om hausten og etter nedbør, så vasstette tursko eller gummistøvlar vert tilrådd. Turen eignar seg best til fots (bæremeis/sele vert tilrådd for dei aller minste framfor barnevogn).

Praktisk informasjon

  1. Dato: Søndag 25. oktober 2026
  2. Tidspunkt: Kl. 12:00
  3. Oppmøtestad: Agnavika (Agnavikjæ) friluftsområde på Stanghelle. (Køyr av E16 mot Stanghelle, ta til venstre over brua og ned mot sjøen)  
  4. Høver for: Familiar med born i alle aldrar (enkel fottur)  
  5. Lengd: Ca. 2,7 km tur/retur  
  6. Varigheit: Ca. 1–1,5 time i roleg barnetempo, pluss god tid til niste og leik ved hytta  
  7. Stigning: Ca. 92 høgdemeter totalt (lett kupert skogs- og bergsti)

Pakkeliste

  • God nistepakke og tursnacks.  

  • Rikleg med drikke/vatn (det er ikkje innlagt vatn ved hytta).  

  • Varm drikke på termosen (kakao, te eller kaffi).

  • Sitjeunderlag.  

  • Gode, vasstette sko og varme klede tilpassa haustvêret.

Turen er gratis og open for alle, men hugs at alle born må gå i følgje med ein vaksen som har ansvaret undervegs.

Vel møtt til ein herleg haustsøndag til fjells!

Icon Oppmøtested