Go Norsk Friluftsliv to main content
03. Sep 2026

4-dagars rundtur på Hardangervidda frå Tinnhølen

Mer informasjon
4-dagars rundtur på Hardangervidda frå Tinnhølen
IconSted
Eidfjord
Icon Tid
Icon Arrangør
Odda/Ullensvang Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med på ein klassisk hausttur over mektige Hardangervidda! Vi legg ut på ein flott rundtur frå Tinnhølen gjennom ope høgfjellsterreng, lune DNT-hytter og endelause horisontar. Dette er turen for deg som vil oppleve den heilt spesielle roa på vidda – med flate dagsetappar, gode pausar og kveldar med varm mat og hyggeleg lag.

Hardangervidda byr på vidstrakte landskap, mjuke former og eit terreng som er lett å gå i, men turen er likevel krevjande på grunn av lengde og varigheit. Her får du verkeleg kjenne på overgangen mellom dagsetappar i storslått natur og rolege kveldar på hyttene. Med ein erfaren turleiar legg vi til rette for ei trygg og minnerik oppleving den siste helga dei betjente DNT-hyttene held opne før hausten slår til på Vidda.


PROGRAM

Dag 1: Oppmøte på parkeringen ved Tinnhølen kl. 1400. Vi startar turen innover vidda mot Sandhaug. Dette er ein fin og relativt lett etappe på om lag 14,5 km i lettgått terreng. Vel framme ventar middag og god stemning på hytta.

Dag 2: Etter frukost går turen vidare til Lågaros (21,4 km). Vi beveger oss gjennom dei flataste partia av vidda, omgitt av ope landskap, vatn og små høgder – perfekt for å finne flyten i steget.

Dag 3: Vi held fram nordover mot Rauhelleren (21 km). Dagen byr på variert terreng med små toppar og vakre dalar, mellom anna gjennom Geitvassdalen.

Dag 4: Siste etappe går tilbake til Trondsbu (19,3 km). Undervegs passerer vi små høgder som gir fin variasjon før vi avsluttar turen der vi starta.


RUTEVAL

Trondsbu – Sandhaug – Lågaros – Rauhelleren – Trondsbu (rundtur)

(Med atterhald om endringar i programmet! Turleiar vurderer føre, vêr og tryggleik før turen og undervegs.)


PRAKTISK INFORMASJON

Pris:

  1. DNT-medlem: 2900kr (voksen), 2000kr (13-25 år)

  2. Ikkje-medlem: 3760kr (voksen), 3150kr (13-25 år)

Pris på 1-årig DNT-medlemskap: 860kr (voksen), 365kr (13-25 år)

Prisen inkluderer overnatting med full pensjon (3-rettars middag/buffé, frukost, niste og termosfylling) på Sandhaug og Rauhelleren, turleiar og naudsynt tryggleiksutstyr. Første dag er berre middag inkludert, og siste dag frukost + niste og termos. Overnattingen på Lågaros blir å enten kjøpe mat i hytta eller å bringe personlig medbrakt.

Maks tal deltakarar: 9 + mulig hund

Gradering: Krevjande

Dette er ein krevjande fottur over fleire dagar. Du må vere i god form og komfortabel med dagsetappar på rundt 20 km med sekk.

Fakta om turen:

– Krevjande fottur

– 72,9 km

– 4 dagar

– Rundtur

– 524 høgdemeter totalt


UTSTYR

Anbefalt personleg utstyr:

  • Fjellstøvlar (god ankelstøtte, godt inngått), 
  • Ryggsekk med regntrekk
  • Ullundertøy (over- og underdel)
  • Mellomlag (ull/fleece/dunjakke)
  • Vindtett og vanntett ytterjakke og -bukse
  • Lue, buff/hals og hanskar/vottar
  • Ekstra skift (undertøy, sokkar, t-skjorte)
  • Lakenpose (obligatorisk på DNT-hytter)
  • Lett sovepose (ved behov, sjekk hyttene sin nettside)
  • Toalettsaker og personlege medisinar
  • Lite førstehjelpsutstyr (gnagsårplaster, sportstape, etc.)
  • Drikkeflasker (totalt ca. 1–1,5 liter) og/eller termos
  • Matboks til niste
  • Hodelykt med ekstra batteri
  • Kart og kompass (evt. GPS)
  • Solbriller og solkrem
  • Turstavar (anbefalt)
  • Fiskestong, ved ønskje (Hugs fiskekort!)

Tips: Pakk lett, men smart – vêret på vidda kan skifte raskt, så gode lag-på-lag-løysingar er viktig.

Ta kontakt med turleiar for andre spørsmål om utstyr.


OVERNATTING

Overnatting på DNT-hytter langs ruta. Det er lagt opp til å bruke full pensjon på Sandhaug og Rauhelleren. Lågaros er berre sjølvbetjent. 

Deltakarane bur på sovesal og nyttar eiga lakenpose (sovepose er ofte ikkje tillate). 1-3 eller 4-6 sengsrom er tilgjengelig for ein ekstra kostnad. Legg inn om dette er ønskelig. Sengetøy og handkle kan leigast på hyttene.

Hundar kan vera med om ingen i turfølget har problem med det. Sjekk gjerne korleis hundeopphold er på dei ulike hyttene. Kontakt turleiar ved ønskje om å ha med hund.

Info om hytter:

Sandhaug: https://www.dnt.no/hytter/betjente/sandhaug/

Lågaros: https://hyttebestilling.dnt.no/hytte/101365

Rauhelleren: https://www.dnt.no/hytter/betjente/rauhelleren/


MATALLERGIAR OG ANNA INFORMASJON

Gi beskjed ved påmelding om du har matallergiar, matpreferansar eller om det er andre omsyn vi må ta.


REISEVEG

Privatbiler nyttes og samkjøring oppfordres. Vi prøver så godt vi kan å planlegga så få bilar som mulig. 

Start og slutt på turen: https://maps.app.goo.gl/3mjuZfCyDKobZ2oK9

Ved samkjøring oppforderes det å dele på utgiftene. Mulig kalkulator å bruke: https://www.smartepenger.no/105-kalkulator/2253-fordeling-av-bilkostnader (08.2025)

(Turleiar eller DNT tar ikkje ansvar for feil i kalkulator.)


VILKÅR FOR DELTAKING

Ved påmelding stadfestar du at du har lese og godteke vilkår for deltaking på DNT-tur.

Hugs reiseforsikring!


TURLEIAR

Torje Eriksen. Frivillig turleiarar med god fjellerfaring, både jakta og gått mye på Hardangervidda og har DNT-utdanning. Han gjer turleiaroppdrag med glede og deler gjerne si friluftsglede og erfaringar. Turleiar vil ta kontakt med kvar deltakar om praktisk informasjon 1–2 veker før turstart.


Icon Oppmøtested