I forbindelse med åpning av ny sikringsbu i jubileumsåret til Flora Turlag 50 år, vert det arrangert helgetur til Gjegnabu 22-23 august 2026.
Turen starter frå Nakkane, Hyen kl. 10. Ein bør samkjøyre til Hyen og for å nytte øverste parkering er det best med bil med 4-hjulstrekk.
Du kan gå eller parkere bilen på Hope, eller du kan køyre opp til Nakkane, der er ein god parkeringsplass om lag 150 moh. Det vil bli mulighet å gå turen uten overnatting, for dei som ynskjer det. Turen frå Hyen er gradert rød (krevande) og er ca. 6,2 km ein veg, med ei stigning på ca. 1200 mtr
Nærare beskrivelse finnes på: www.ut.no. Fottur Nakkane (Hope) via Lavesteinen til Gjegnabu
Det er mulig det vert arrangert tur til Gjegnen søndagen og alternative ruter ved retur frå Gjegnabu. Meir info vil då komme.
Obs! Det er ikkje mulig å reservere plass på hytta denne helgen, då hytta er reservert for inviterte gjester.
Turleiar: Dag Eliassen, Nils Magnus Eliassen, Eva Bergstrøm, Stig Solheim, Elin Sæther Standal.