Luster Turlag og Sogndal Turlag arrangerar vårskitur til Gravdalstinden sundag den 10. mai.
Turen går stort sett i slakt terreng oppover mot Gravdalstind men har nokre få meir bratte parti for å kome opp på sjølve tinden. Vi kryssar Smørstadbreen som ikkje krev breutstyr på den ruta vi vel. Her får du flott utsyn over vestre del av Jotunheimen og Hurrungane mot vest og toppane rundt Smørstadbreen i øst. Ein flott vårskitur som krev godt vêr.
Turinfo
Tilrådde ski er fjellski eller lett randoneeutstyr. Ta med skredutstyr.
Pakkeliste dagstur vinter - DNT
Sogndal frå Allmenningen (Lægreid hotell) kl. 08.00
Gaupne (COOP parkering) 08.30
eller oppmøte ved Krossbu kl. 09.45
Anne Rudsengen (Sogndal Turlag) og Ole-Hermann Meløy (Luster Turlag)
Krav om påmelding grunnet maksbegrensing på tal deltakarar
Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram.
Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.
Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala.
For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med.
Beløpet kan vipses til: 99206.