Vi ynskjer barn og vaksne velkommen til villblomstdag i landskapet rundt Urnes stavkyrkje. På turen vil vi bli kjent med kva blomar som veks i grøfter og vegkantar og på beite- og slåttemark. Økolog Liv Norunn Hamre vil fortelje om kjenneteikn, lokale namn og andre kuriositeter om blomane vi finn, og May Britt Sva frå Sogndal turlag gir oss enkle tips og triks for å bli ein betre plantefotograf.
Vi satsar på ein felles matpause i løpet av turen, så ta gjerne med drikke og nistepakke. Det blir servert kake og kaffi.
Turen varer 2-3 timar, vêret bestemmer.
May Britt Sva (97591828), Liv Norunn Hamre og Elin Wahlberg
Nærare info om oppmøte og reise vert lagt ut her på sida i forkant av turen