Turen starter frå Monsanut barnehage på toppen av Lyefjell, der det og er parkering. Turen går for det meste på god grusti/grusveg og litt på sti i terreng. Vi går i flott jærsk kulturlandskap inn til Ulvatjørna og vidare mot Åsen og tilbake til Lyefjell og Monsanut barnehage. På turen går vi forbi dei to vindmøllene på Åsen.
Start: parkeringsplassen ved Monsanut barnehage på toppen av Lyefjell kl 1730. Buss nr 50 frå Bryne stopper like i nærleiken.
Turleiar: Anne Reidunn Garpestad, mobil 958 19 098
Lennie Anholts, mobil 401 74 210
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem