Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Jun 2026

Tysdagstur til Fristadfjellet i Askvoll

Mer informasjon
Tysdagstur til Fristadfjellet i Askvoll
IconSted
Askvoll
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Turen startar frå parkeringsplassen ovanfor kyrkja i Askvoll. Toppen på Fristadfjellet ligg på 476 moh, og samla stigning er omlag 460 meter. Turen er omlag 3,2 km kvar veg. Vi går først på grusvegen langs elva og kryssar ei bru før vi tek til på stien som fører oss innover Askdalen før vi svingar mot høgre, litt bratt i starten, så litt slakare stigning til topps. Flott utsikt i alle retningar frå toppen!

Turleiarar er Arnt Johny Langeland og Svein Ove Osland.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner m.a. om at turdeltakarane har ansvar for eingen sikkerheit.

Icon Oppmøtested