Vi startar å gå frå parkeringsplassen på Sele (Bygstad) som ligg 235 moh. Høgste punktet på Bergsheia ligg på 650 moh, så vi får ei stigning på 440 høgdemeter fordelt på omlag 3,5 km. Første del av turen går vi på merka sti med jamn stigning gjennom skogen, opp til "Kvilesteinen". Kort tid etter passerer vi Skaret og kjem over i eit meir ope fjellterreng. Her går vi vidare på blankskurte berg over eit flatare parti før vi tek opp ryggen til varden på toppen. Her får vi ein flott utsikt ut Dalsfjorden, innover mot Bygstad, mot Bergsstøylen og Bergsvatnet, og ikkje minst mot Storehesten. Turen på Bergsheia er ein tur med mange flotte naturopplevingar!
Turleiarar er Edith Falkenstein og Svein Ove Osland.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn, og minner m.a. om at turdeltakarane har ansvar for eigen sikkkerheit.