Torsdag 15. oktober kan du få vera med Ole Bakken til småbruket Øygarden i 325 meters høgde over Alme på Sørheim.
Det er grei køyreveg heilt opp, men me parkerer nede ved fjorden og går svingane opp med fint utsyn både til Mordølefossen, til Skjolden og til Luster.
No står det ei stor hytte på eigedomen, men fram til 1960 budde det ein familie på heile 13 medlemar der oppe – i svært enkle hus. Ola Kvam var vegarbeidar og flytte med familien opp til Øygarden i 1934. I perioden 1932 til 1948 fekk han og kona Agna 11 born. Dei fekk både eit tvillingpar og trillingar!
I mange år tok dei seg av mannen og kona på bruket, som var gamle vortne. Ole Bakken, som er oppvaksen ved fjorden rett under Øygarden, har nok mykje å fortelja, så bli med!
Turen startar i bilar frå Hafslo kl. 10 og Prix i Gaupne kl. 10.15. Påmelding trengst ikkje og alle er velkomne. Passasjerar betaler sjåføren kr. 150 for skyssen.
Ta med på turen:
Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann