Bli med på ein nydeleg søndagstur opp på den snaue, fine Kyrkjegardsheia i Vormedalsheia.
Turen startar på p-plassen på Fundingsland kl 10.30 - ca 350 moh.
Me startar første del av turen på fylkesvegen innover til siste garden, og deretter på turistforeningsløypa austover mot Kaldavatn, ca 440 moh. Deretter blir det kraftig stigning oppover den fine, gamle bjørkeskogen i Kaldavasslia til me kjem på snauheia, ca 630 moh. Derfra dreier stien beint austover, og me startar oppstigninga på den opne, fine Kyrkjegardsheia.
Målet er dei høgaste "toppane" på Kyrkjegardsheia. Dei ligg på snautt 800 moh. Her i høgda står det nokre steinformasjonar som minner om gravstøtter. Er det gamle graver? Derav namnet Kyrkjegardsheia ? Eller er det berre nokon som har sett de opp for skoi ?
Kanskje me kan fabulere litt i lag om dette saman med kjentmann for dagen - Trond Laugaland .
Vel oppe på heia tar me oss tid til å nyte den himmelvide utsikta og tar oss ein god matpause.
Me tar ein annan veg ned att. Då går me først litt nordover, ned mot Torstølstjødnane og Torstøl som ligg på ca 640 moh. Der ein plass møter me den gamle turistforeningsruta, og dreier der rett vestover i retning Fundingsland. Me følgjer ruta ut mot Kaldavatnet og deretter tilbake til bilane på Fundingsland.
Dette er ein tur med ein god del stigning, dels ulendt terreng og noko myr og ruta går stort sett på greie stiar. Du bør vere noko turvandt og i god form.
Totalt blir nok rundturen på 11-12 km, med ca 450 høgdeskilnad.
Ta med god niste og drikke, og ekstra klær i sekken etter værforholda. Dersom det blir tåke/tett regn/dårleg vær kan turen bli avlyst. Følg med på meldingar på Hjelmeland turlag si FB side rett før turstart.
Turen er gratis. Men støtt gjerne vårt frivillige arbeid med å melde deg inn som medlem i Den Norske Turistforening - Dersom du har bustadadresse i Hjelmeland blir du automatisk medlem i vårt lokale turlag.