Go Norsk Friluftsliv to main content
29. aug. 2026

Tur til Kupen - TOPPTRIMMEN

Mer informasjon
Tur til Kupen - TOPPTRIMMEN
IconSted
Gaupne
Icon Tid
Kl. 08.00 - 18.00
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson

Turomtale

Den 29. august blir det tur til Kupen som er ein av toppane i Topptrimmen.

Me begyner turen frå Styggevassdammen kl. 9.00. Her har me leigd båt slik at me blir frakta inn til nordenden av Styggevatnet (kostnad for båten må deltakarange dekka sjølv og kan vippasat til turlaget etter turen) Herfra følgjer me dalen inn Kupløyftet, her må vi gå nokre høgdemeter ned før vi går opp på austryggen av Kupen og vidare til toppen.

Retur går ned igjen same veg og langs med Styggevatnet tilbake til bilane.

Turen går for det meste på umerket sti i ulent terreng og er ca. 22 km tur/retur og 600 høgdemeter. Turen er gradert som krevjande og vil ta ca 8-9 timar.

Utstyr

  1. Fjellsko (ikkje joggesko)
  2. Ryggsekk minst 30 liter.
  3. Varme underkle (det kan vere kaldt i høgda nær breen)
  4. Vann og vindtett jakke og langbukse.
  5. Mellomlag (fleece eller dunjakke, ullgensar)
  6. Hue, hanskar
  7. Solkrem, solbriller.
  8. Mat, drikke og snacks – ta med rikelig, det blir en lang dag (det vil vere mogleg å finne vatn nokre stader undervegs)

Krav til deltaker

Turen er krevjande og det vert forventa at deltakeren er i god fysisk form og kan vere ute heile dagen og gå på tur i 9-10 timar.

Oppmøte

Oppmøte for samkjøring på Coop Prix i Gaupne kl. 7.30 eller oppmøte ved høgre parkering ved Styggevassdammen kl. 8.45

Båtturen starter ved høyre parkering ved Styggevassdammen.

Turleiar

Morten Norheim og Albert Tuften

Påmelding

Det er begrensa tal plassar på turen, så derfor er det krav om påmelding. Meld deg på i skjema under.


Icon Oppmøtested