Vi køyrer til Grytalisætra (bomveg) i Vaksvika, og går innover mot Grytavatnet. Her skal vi opp Trongbotn. Så langt er det samme ruta som til Lauparen. Men no svingar vi inn på ruta mot Svartevassegga, og stikk ein tur innom den toppen også. Vidare rundar vi Grytavasstind, og finn renna opp til toppen. Litt klyvjing må ein rekne med. Det er mykje ur mot toppen. Vi tek same vegen tilbake.
Dette er ein lang og dryg tur som krever god fysisk form og ein må tole litt høgde.
Merk at turen kan gå laurdag dersom vêret tilseier det.
Oppmøte: Stordal skule kl 09.00/Grytalisætra kl 09.30.
Turleiar Stig Runar Nakken, tlf 93 27 22 73