Go Norsk Friluftsliv to main content
14. Jun 2026

Tur til Bergheimnosi

Mer informasjon
Tur til Bergheimnosi
IconSted
Luster
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson

Den 14. juni blir det tur til den spektakulære utsiktstoppen Bergheimsnosi over Lustrafjorden, via den gamle høgdegarden Bergheim.

Turomtale

Me startar turen der traktorvegen går frå fylkesvegen/Sørsidevegen opp til høgdegarden Bergheim. Det er omlag 45 minutt å gå på fin traktorveg oppover til Bergheim. Frå Bergheim fortset turen på sti gjennom frodig landskap; skog og utmark i stadig motbakke. Me stoppar undervegs på fine utsiktspunkt.

Etterkvart kjem ein til Bergheimsstølen, der det dessverre ikkje er att noko meir enn stølshus som er jamna med jorda.

Turen held fram framover dalen eit stykke til før den bratte stigninga opp til nåsi startar.

Det er svært krevjande terreng, der ein nærast må dra seg opp etter tre og greiner. Nokre stader er det laga til tau som ein kan dra seg oppover i.

Når ein kjem til toppen har ein eit fantastisk utsyn både innover og utover fjorden. Samt framover Feigedalen mot Hanafossen.

Det er same veg tilbake, så knea må vera førebudde på ein bratt tur nedatt også.

Estimert tid: 2,5-3 timar opp, og omlag det same nedatt.

Oppmøte

Kl 10 ved Bergheimsvegen

Dersom det blir fullt der, så kan ein også parkere ved Feigefossen-parkeringa. Da må du legge inn 15 min å gå til oppmøtestaden derifrå.

Turleiarar

Turleiar: Anna Marita Oma 

Kjentkvinne: Anne Merethe Feigum (90588369)


Icon Oppmøtested