Flott tur over Meneseggi til Melsnipa.
Turen startar frå parkeringsplassen på Menes seinast kl. 08.00, oppmøte 07.30.
Vi går opp til Menes stølen ca. 800 moh. Vidare slak stigning fram til Haravollnipa, ca 1500 moh. Då byrjar vi på egga fram til Melsnipa. Det er eit noko bratt og utfordrande parti, det går an å gå utan om dette partiet ved å gå ned fremst i Teigadalen.
Stein og fjell heile vegen fram til Meelsnipa ca. 1550 moh. Opp og ned over fleire fjelltoppar.
Etter Meelsnipa går vi over ein bre ned til Grøndalen, det kan vere lurt å ta med broddar. Eit parti her er litt bratt og lausmasse, så ein må vere varsam og ikkje løyse stein. Det er ein lang og seig tut frå nipa ned til Langehaugen fremst i Vetlefjorden.
Pakkeliste for dagsturen - DNT
Inge Menes (90868943)
Ettersom turane er planlagde lang tid i førevegen, kan det verta endringar i programmet, m.a. avreisetidspunkt. Følg difor med på heimesida til Sogndal Turlag og på Facebook for oppdatert turprogram.
Viss du er i tvil om kor lett eller tung turen er, eller kva utstyr du treng til turen, ta kontakt med turleiar eller ein i styret. Ver venleg å følgja oppmodinga for å gjera arbeidet lettare for turleiaren.
Alle turar med Sogndal Turlag er gratis for medlemmar, men der det blir sett opp buss eller båt så må ein betala.
For ikkje-medlemmar som ønskjer å delta på turane kostar det 50 kr å vere med.
Beløpet kan vipses til: 99206.