Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Jul 2026

Tur frå Turtagrø-Skogadalsbøen-Friken-Årdal (Topptrimmen)

Mer informasjon
Tur frå Turtagrø-Skogadalsbøen-Friken-Årdal (Topptrimmen)
IconSted
Fortun
Icon Tid
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson

Måndag 6. juli til 7. juli arrangerar Luster Turlag Topptrim-tur til Friken med overnatting på Skogadalsbøen.

Turomtale

Dag 1: Etter oppmøte Turtagrø kjører sjåførar ned til Hjelle og får transport tilbake til Turtagrø. Då har me biler klare når vi kjem ned. Resten av gruppa starter på den T-merka turen inn Helgedalen og over Keiserpasset og ned til Skogadalsbøen der vi nyt middag, dei vakre omgjevnadane og sover. Turen tar mellom 5 og 9 timar. Sjåførane kjem etter i eiga gruppe.

Dag 2: Etter ein god frokost på Skogadalsbøen går turen slakt oppover T merka sti mot Friken. Dei siste ca. 200 høgde metrane forlet vi stien og går mot toppen. Der får vi eit ekstra god oversikt over Hurrungane som vi går rundt på turen. Vi vandrar vidare ned mot Vettismorki og får eit storslaget utsyn ned Vettisfossen før vi vandrar bratt ned til Vetti gard. Derfra er det grusveg ned til Hjelle der bilar står og venter på oss.

Utstyr

Sjå DNTs pakkeliste for sommertur i fjellet: Hvordan pakke sekken - Pakkeliste fjelltur sommer 

Krav til deltakar

Deltakaran må vere i god fysisk form og kunne gå langt i ulent terreng med bratt stigning. Kontakt turleiar om du er i tvil om turens gradering.

Transport

Oppmøte måndag ved den store runde parkering på andre sia av vegen frå hotellet på Turtagrø kl. 10.00

Me treng frivillege sjåførar som kjører nok privatbilar ned til Hjelle. Gi beskjed ved påmelding om du kan være sjåfør.

Turdeltakarane dekkar sjølv transportkostnadene og delar på busskostnadene til sjåførene

Overnatting

På Skogadalsbøen har me reservert overnatting med fullpensjon i 2 og 4-sengsrom. Det er bestilt 10 sengeplasser på 2-sengsrom og 20 sengeplasser på 4-sengsrom

Pris

Pris 2-sengsrom: 1340,- (FULLT)

Pris 4-sengsrom: 1535,-

Pris DNT Ung medlem på 4 sengsrom: 850,-

Prisen inkluderar: Overnatting, 3-retters middag, frokost med niste og termos, busstransport og administrasjonsgebyr.

Viss du har ønske om kven du vil dele rom med, skriv det i påmeldinga.

Påmelding

Vi har forlenga påmeldingsfristen til den 3. juli kl. 20

Turleiarar

Ole-Herman Meløy (90691624) og Morten Norheim (90580610)

Icon Oppmøtested