Go Norsk Friluftsliv to main content
21. Aug 2026

Toppturhelg i Glitterheim

Mer informasjon
Toppturhelg i Glitterheim
IconSted
Lom
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson
Nils Arne Haugen // Nils Mathisrud
https://90770162
nahtm@icloud.com

Toppturhelg i Glitterheim - Ryggjehøe (2142 moh) og Glittertind (2452 moh) 21.–23. august

Bli med på ei flott og sosial toppturhelg til Glitterheim, midt i hjartet av Jotunheimen! August er ei fantastisk tid for fjellturar, med stabile forhold, lange dagar og storslått utsyn mot dei høgaste toppane i landet.

Turen passar for deg som er vant til å gå dagsturar i fjellet og ønskjer ei aktiv helg saman med andre turglade. Turen blir leia av lokalkjende, frivillige turleiarar som bruker av fritida si på å dele turglede, tryggleik og erfaring med andre.


Program

Fredag 21. august – Inn til Glitterheim

Oppmøte i Glitterheim turisthytte, ei triveleg og historisk DNT-hytte vakkert plassert på om lag 1380 moh. 

Du vel sjølv om du vil sykle eller gå inn til Glitterheim frå parkering ved nasjonalparkgrensa i Veodalen. Oppmøte i Glitterheim før klokka 18.00.


Vel framme blir det tid til å bli kjent, slappe av og nyte fjellufta før vi samlast til felles middag på hytta.

  1. Lengde: ca. 7 km

  2. Høgdemeter: ca. 300 m

  3. Overnatting: Glitterheim turisthytte (betjent)

NB! Hugs sykkelhjem!


Laurdag 22. august – Topptur til Ryggjehøe (2142 moh)

Laurdagen går turen til Ryggjehøe, ein frittståande og flott topp sør for Glittertind. Turen byr på variert høgfjellsterreng og delvis utan god stig, men med storslått utsikt mot mellom anna Glittertind, Galdhøpiggen, Memurutindane og store delar av Jotunheimen. Vi går opp til Steinbuvatnet og vidare i framkant av høe, over toppen og retur via Vesleglupen. 

Dette er ein relativt lang og tung fjelltur, men vi legg til rette for gode pauser. 

  • Lengde: ca. 12 km tur/retur

  • Høgdemeter: ca. 750–800 m

  • Varigheit: 6–8 timar

  • Vanskegrad: Krevjande

Kvelden blir tilbrakt på Glitterheim med middag og hyggeleg samvær.



Sundag 23. august – Topptur til Glittertind (2452 moh)

Sundag går turen til Norges nest høgaste fjell Glittertind, med sine 2452 moh. Turen går i ein lang men ikkje alt for bratt motbakke, på til saman 1068 høgdemeter. 


  • Lengde: ca. 13 km

  • Høgdemeter: 1068 m

  • Varigheit: 6–7 timar

  • Vanskegrad: Krevjande

Etter turen syklar/går vi tilbake til parkeringa ved nasjonalparkgrensa. 


NB: Båe turane krev relativt bra vær, så det kan bli endring ved dårleg vær. 


Praktisk informasjon

  • Du må ha god grunnkondisjon og vere komfortabel med lengre dagsturar i fjellet

  • Du kan leige sykkel ved parkeringa. Trykk her for info om sykkelleige!

  • Vanleg fjellutstyr, inkludert vindtett og varmt tøy. Deler av turen vil gå på snø og krev egna sfjellsko - pakkelsite

  • Turen går i høgfjell – ver merksam på raskt vêrskifte                                                    

                                                                                

Oppmøtestad

  • Oppmøte i Glitterheim før klokka 18.00 fredag 21. august.                                     

Påmeldingsfrist

  • 1. august

                                                                                

Aktivitetsleiar / turleiar

- Nils Arne Haugen, mob. 90 77 01 62, epost: nahtm@icloud.com

- Nils Mathisrud, mob. 95 43 51 77, epost: nils@vingtor.net


                                                                                

Pris

Inkludert i prisen: 

– Overnatting på Glitterheim i 2–4-mannsrom 

– Middag fredag og laurdag 

– Frokost og niste laurdag og sundag 

– Turleiing med frivillige turleiarar


Pris: 

– Medlem DNT ung (18–26 år): kr 250

– Medlem DNT vaksen (over 26 år): kr 2 470

– Ikkje-medlem: kr 3 750

                                            

Bli medlem - trykk her!




Icon Oppmøtested