Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Aug 2026

Sundagstur: Grindsdalen til Hella

Mer informasjon
Sundagstur: Grindsdalen til Hella
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.30 - 18.30
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Ein unik delvis umerka tur som byr på noko av det flottaste terrenget på Vestlandet. Dette er ein felles tur med Vik turlag.

Gradering / vanskelegheitsgrad:   

Krevjande (Rød): - Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt

1000 høgdemeter, 20-22 km, 8-10 timar (inkl. pausar)

Turomtale: 

Turen startar frå parkeringa i Grindsdalen, ca. 7 kilometer frå rv. 13 på 600 meter over havet. 

Fyrste to kilometer går på grusveg sperra med bom, fram til stølen Stavsete, 775 moh. Her opnar dalen seg opp med høge toppar på begge sider.

God sti nordover forbi Stavatjørni til punkt 1012. Ein svingar no vekk frå stien vestover mot ryggen til Husbyggjefjellet, og får etterkvart formidabel utsikt mot Fjærland og Jostedalsbreen. Her blir det pause.

Ryggen sørover mot Stav 1458 er lett å gå, og kanskje flottaste delen av turen. Like før Stav kjem ein til eit punkt som kan vera krevjande for enkelte. På det smalaste er ryggen 3 meter og stupbratt ned på begge sider (her er det mogleg å gå rundt). Likevel er her svært lett å gå. 

Nordtoppen til Stav er heilt flat. Lett vidare mot sørtoppen, også kalla Troeggi. Naturleg plass for matpause. Herifrå er det stort sett slak unnabakke ned til Hella. Fyrste delen på fast underlag/ sva, etterkvart sti. Det er ei kort kneik opp til siste toppunktet, Storholten/ Vassvarden 1024. Her er verkeleg storslagen utsikt mot Balestrand, fjord og fjell.  

Frå toppen er det merka sti heilt ned til Hella. Ein passerar to stølar undervegs før ein kjem ned til garden Rud. Rud er eigd av folk frå Voss. Kvar vår fraktar dei eit par lass med ungdyr over fjellet som beitar her. 

Krav til deltakarar: 

God fysisk form, vand med lange turar i ujevnt terreng. 

Utstyr: 

DNTs pakkeliste for sommer

Sekk med ekstra plass til fellesutstyr. 

Frammøte: 

Vangsnes ferjekai kl. 08:30  (ferje 8:45). 

Avreise frå Voss kl. 7:00. 

Sjølve turen startar ca 9:30 i Grindsdalen. Slutt tidspunkt er berekna til ankomst Hella Ferjekai. 

Transport:  

Samkjøyring med Voss Utferdslag frå Voss til Vangsnes ferjekai. Vik turlag møtar på Vangsnes ferjekai. 

Me parkerar bilane på Vangsnes og tar ferja over til Hella. Felles minibuss frå Hella ferjekai til Grindsdalen. 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Pris:  

Medlem 300 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner) 

Ikkje- medlem 450 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift (150 kr)  

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 270 kr (for dei som køyrer frå Voss). 

Dyr: 

Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi. Deltakar kan delta om han/ho køyrer sjølve 

Samkøyring: 

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør. 

Merknad:  

Denne turen går i godt vêr. Er det dårleg vêr sundag, men gode vêrmeldingar laurdag, blir turen flytta til laurdag 1 august. 

Turleiarar: 

Jon Arne Kvåle, jonar-k@online.no, 48 10 91 99

Audun Hellevang, audun5700@gmail.com, 95 28 88 33

Icon Oppmøtested