Go Norsk Friluftsliv to main content
29. sep. 2027

Stemmen

Mer informasjon
Stemmen
IconSted
Time
Icon Tid
Kl. 17.30 - 19.30
Icon Arrangør
Jæren turlag

Foto: Ragnar Egeland

Frå Smiå går turen til Stemmen, eit flott parkområde midt i Kvernaland sentrum.På vegen vidare går ein forbi Kvernaland omsorgssenter og vi tek ein ekstra runde forbi Kræjen gapahuk. Vidare går turen på grusveg mellom byggefelt og landsbruksjord. Løfter ein blikket, kan ein sjå Brekkenuten, 137 moh. Frå toppen er det flott utsikt. Turen fortset inn i byggefelt og tilbake til Smiå. På veg tilbake går vi innom den flotte gapahuken i Agriparken ved Frøylandsvatnet. Turen er 4,5 km og passer for alle. Dersom du har spørsmål til turen eller oppmøtepunkt, ta kontakt med turleiar.

Oppmøte: Parkering ved Smiå på Kvernaland. Turen starter her kl 1730

Turleiarar: 

Inger Johanne Jaarvik Rørheim, mobil 905 90 227

Odd Rune Myrstad, mobil 902 05 458

               

Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem

Icon Oppmøtested