Bli med til topps til Blånipa/Nesheimsnipa i Eksingedalen, sundag 30.august.
Turen er eit samarbeid mellom DNT Vaksdal og Nordhordland Turlag.
Turen går rett til fjells, opp lia frå Bergo. Ei stødig steintrapp fører oss opp det bratte partiet opp til Blånipa, eit imponerande arbeid av sherpafolket som vart avslutta hausten 2024. Vi går ned att til til Yksendalen og får oppleva både den spektakulære steintappa gjennom Giljane, som også stod ferdig sommaren 2024, og trappene ned til Yksendalen
Tid: Oppmøte til turstart klokka 11.00. Turen tek om lag 6 timar, med pausar i tillegg.
Oppmøte: Oppmøte og parkering ved oppveksttunet på Bergo.
Høgdeskilnad: Bergo: 420 moh. Blånipa/Nesheimsnipa:1035 moh. Yksendalen ca 450 moh
Stien svingar seg oppover forbi Mjelkeplassen og vidare opp Seterhaugen. Det er bratt oppover den skogkledde lia, så her tek vi oss god tid. 
Etter om lag ein time flatar terrenget seg meir ut – før det så opnar seg heilt opp og gjev mektig utsikt i alle retningar. Det er no lett å gå, og utsikta er storslått.
Ein får god oversikt over alle vatna, Yksendalstølen og dalføret oppover frå stølen. Etter å ha passert «Svevesteinen» møter vi stien som kjem opp frå Yksendalstølen. Det flatar ut – og snart ser ein det massive fjellplatået me skal opp på, med steintrapp rett til himmels!
Vel oppe trappa, er det ei stigning til, før vi ser fram til varden på sjølvaste Blånipa/Nesheimsnipa, på 1035 moh.

Etter god pause på toppen går vi ned mot Yksendalstølen og Yksendalen. Ned steintrappa i Giljane vert ein verkeleg imponert over arbeidet som sherpafolket har utført, kor fint eit steinarbeid kan gjerast og kor godt den gøymer seg inn i terrenget.

No nærmar me oss vakre Yksendalstølen. Herifrå går me sti og steintrapper ned til Yksendalen. Turen endar i Yksendalen, og det vert det organisert skyss for å henta bilar på Bergo.

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.
Utstyr: Lett tursekk pakka med:
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår.
Ansvarlege turleiarar:
Liv Anne Bergo, tlf 97653458
Jannike Surland Våge, tlf 93680112