Det må seiast at han er tung og krevjande og at den som er med ikkje kan vera svimmel. Her går ein rett opp frå hyttene på Tungestølen, midt mellom Langedalen og Austerdalen, først gjennom skog og deretter på stein og bratte sva.
Dersom ver og tid tillet det, er det naturleg å gå heilt opp til platået på Skyttarnovi i 1593 meters høgde. Då er ein ved brekanten til den store Jostedalsbreen.
Turen kan avsluttast med middag på Tungestølen for dei som ønskjer det!
Start frå Tungestølen kl 10.00
Det er berre 15 plassar og turen krev påmelding. Meld deg på i skjema under.
Kjentmann: Anne Kari Nes
Turleiar: Bjarne Venjum (tlf. 907 24 759)