Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Sep 2026

Seniortur - Storavassbu med overnatting

Mer informasjon
Seniortur - Storavassbu med overnatting
IconSted
Etne
Icon Tid
Icon Arrangør
Etne Turlag

Turen startar på traktorveg og går deretter på T-merka sti oppover. Det er noko stigning oppover mot Minneløa og Skarrebekken. Her tar me ein god pause. Vidare er det noko brattare opp til Minnekleiv og opp til Hanaskard. Ved Hanaskard har me nådd det høgaste punktet for turen. Nå flatar det ut innover mot Storavatnet. Her er noko ur å gå gjennom. Vel framme ved vatnet er det båt som ein kan nytta til å frakte sekkene, om ein vil, inn til DNT-hytta som ligg i andre enden av vatnet. Me går langs med vatnet. Her er det noko kupert vidare inn til hytta.

Meir info om hytten finn ein på UT.no, søk på Storavassbu.

På turen må ein ha eigen lakenpose/sengetøy, ikkje lov med sovepose på hyttene til DNT. Det er lakenpose å få kjøpt på Storavasshytta.

NB! Ta med eigen brødmat, noko pålegg er å få kjøpt på hytta. Felles middag om kvelden.

Neste dag er det retur ned til Nordstølen og bilane. Om det er stemning for felles middag i Sauda, så får med dette til før heimreise. Alternativ heimreise er via Røldalsfjellet og Åkerfjorden.

Oppmøte kl. 10.00 ved Bondekompaniet i Etne. Vi køyrer samla i eigne bilar til Nordstøldalen i Sauda. Start frå Nordstølen ca. kl.12.00. Turleiar Marthon HUstoft, tlf. 90066963 & Evy Hetland Hus, tlf. 97684886


Icon Oppmøtested