Vi møtest og parkerar ved Rosendal fjordhotell
Turen går opp Svartedalen til Skeie. Frå Skeie går vi den gamle gangvegen til Seglem og vidare til Guddalstunet.
I Guddalstunet tek vi matpause, og får ei orientering om denne vakre plassen.
Etterpå fylgjer vi vegen mot Seimsfoss, og siste delen går vi på den fine «elvastien» ned til Kverna på Seim. Der vert det og ei orientering om kverna si historie.
Tilbaketuren går på vegen opp til Skeie og ned Svartedalen til hotellet.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.