Go Norsk Friluftsliv to main content
10. nov. 2027

Seniortur - Husnes og Bogsnesåsen

Mer informasjon
Seniortur - Husnes og Bogsnesåsen
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 10.00 - 13.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Denne dagen skal vi sjå oss litt om i Husnesområdet og også ta ein tur opp på Bogsnesåsen.
Turen startar ved Bedehuset / Grendahuset på Kaldestad. Derfrå går vi ned Prestnesvegen, tar til høgre og følger sjøen mot Borvika. Frå Borvika går vi opp og vidare mot det gamle byggjefeltet i Bogsnes, opp derfrå og over Bogsnesåsen og tilbake på skogsvegen til Fylkesvegen. 
Det vert gåing på asfalt gjennom Husnes sentrum. Vidare går vi gjennom Husnesparken langs Opsangervatnet, forbi skulane og Kvinnherad arena til Skogly og Botnavegen, der vi på enden av denne er tilbake til bilane på Kaldestad.

Vi skal sjølvsagt ha ein matpause under vegs, vi finn ein stad som høver etter korleis veret er den dagen.

HUSK: Gode sko er alltid bra !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ved Bedehuset / Grendahuset på Kaldestad
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Jan Helge Opsanger (995 74 139) og Steinar Kleven (957 68 199)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           8,4 km rundtur 
    • * Høgdeskilnad:  125 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 3 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested