Denne dagen går me ein Rundtur i utkanten av Stølsheimen Landskapsvernområde, nermare bestemt i fjella kring Arnafjorden.
Vi møtest ved kaien i Vik kl 0900 og samkøyrer der i frå. Frå Vik sentrum køyrer ein vidare mot Arnafjorden i ca 21 km. Tar av til venstre etter butikken og brua, køyrer vidare mot Dale i Framfjorden. Me køyrer vidare til Dalsvér og parkerar der. Me går på ATV grusvei opp til Høgdagarden Hellane. Her stig det frå 70 moh til ca 250 moh. Derifrå går me i kupert terreng og vidare mot Valsvikstølen som ligg på ca 600 moh. Vidare går me mot Bjergane som ligg på 900 moh. Her tek me matpause og eit bad for dei som ønsker det.
Frå Bjergane beveger me oss på delvis sti og atv veg ned mot Hellestølen og vidare nedstigning til Sandbakken og Dale.
Viss de har sett 71 ° nord, har de nok sett at deltakarane tok sykkelen fatt og sykla ned den bratte lia frå Bjergane til Sandbakken.
Turen er estimert frå ca 6- 7 t og er ca 14 km. Ynskjer påmelding.
Ta med god humør og klede etter veret.
Fotograf for alle bildene: Ann Cecilie Rinde