Turen er ein rundtur, og på denne turen vert det både storslått utsikt over brekkhus og Teigdalen, og spor etter ferdsel og naturbruk får eldre tider. Me går delar av eldre ferdsleveg, passerer stølar og ikkje minst; spor i "Gryteberg" ved Sølvbergatjørni.
Oppmøte og turstart ved Vinningsleitet, det høgaste punktet på Fv .... mellom Brekkhus i Teigdalen og Nesheim i Eksingedalen.
Turen startar bratt oppover stien opp Reinsgrøvene. Deretter går vi forbi stølane på Rapp, til storslått utsikt på Njukjen. Dette tek omlag halvanna time. Etter ein pause på Njukjen, går me attende mot Rapp, og svingar så oppover mot Sølvbergatjødna og Gryteberget. Ved Gryteberget legg vi også inn ein god pause.
Frå Gryteberget går me nedover og kryssar Stordalen, og kjem inn på "Øvrefjellsvegen#, den gamle ferdavegen frå Øvre Eksingedalen mot Brekkhus og Teigdalen. Vi når høgda over Krossaleitet og går nedover att Reinsgrøvene til Vinningsleitet.
Ein reknar 5-6 timar på turen.