Veit du at Vaksdal har sin eigen preikestol? Mellom Dale og Vaksdal, aust for Stanghelle, ligg den flotte fjellformasjonen som kanskje ikkje så mange har opplevd
Oppmøte: Parkeringsplassen på Helle, like før Dalevågtunellen.
Turskildring: Turen startar ved parkeringsplassen på Helle, der følgjer vi skogsvegen eit stykke før vi tek av på sti vidare mot Hellesætra, som ligg på 398 meter over havet. Herfrå går turen vidare mot Vatnastølen, eit vakkert område som gir ei fin naturoppleving.
Vidare følgjer vi stien til Holmavatnet (525 moh) og deretter til Gråsidevatnet (576 moh). Terrenget varierer mellom skog og opne område. Den siste delen av turen går opp til Preikestolen, som ligg på 690 meter over havet. Herfrå får du ein storslått utsikt utover Vatnastølen, Holmavatnet og Gråsidevatnet – eit spektakulært panorama over vatn og fjell i området.
Turen byr på variert terreng og jamn stigning, og passar godt for turgåarar som ønskjer ei naturskjønn og givande oppleving i Vaksdal. Hugs gode sko, nok drikke, og ta deg tid til å nyte utsikta undervegs! Vi reknar med å bruke omlag 5 timar på turen, pausar kjem i tillegg.
Utstyr: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein sekk med:
Ikkje fyll sekken med meir enn det du treng!
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT sin turleiarkursstige. Turleiarar er ikkje profesjonelle i den forstand at turane vert utført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guide. Dei vert utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Tryggleik: Turane til DNT Vaksdal blir risikovurdert av turleiarane. Til tross for gjennomført risikovurdering og risikoreduserande tiltak, fins det alltid ein restrisiko ved å ferdast i norsk natur.
Generelle vilkår ved påmelding: Les gjeldande vilkår her; Vilkår for deltaking på turer i regi av DNT. Den Norske Turistforening (dnt.no).
Meld deg inn som DNT medlem her: Bli medlem i DNT
Ta kontakt med vaksdal.turlag@dnt.no
Turleiarar: Roger Sandvik og Kurt Rune Rørbakken