Bli med på 4 dagars overnattingstur til Sauda frå 2.til 5. juli 2026.
Me kjører i felles bilar så langt det lar seg gjera. Alle skal få plass i bil.
Det er som før korte turar på første og siste dag. Den andre og tredje dagen blir det både lang og kort tur.
Det er turleiarar frå Sauda turlag som guidar oss på langturane. Dei korte turane dei dagane kjem me tilbake til.
Detaljer kjem seinare om turane
På dei korte turane første og siste dagen er det lokalkjende Stig og Anita Geirunn Koppang som tar oss med i deira nærområde. Dei har i mange år hatt hytte i Saudatraktene.
Bjarne Berntsen frå Sauda turlag tar oss med på dei to langturane.
Roar Lund frå Sauda Sogelag har lova å vise fram og gi oss historien om Åbøbyen og smelteverket.
Me overnattar på Sauda Fjordhotell.
Pris totalt pr person:
i dobbeltrom kr 5500
I enkeltrom kr 6 250
Det er då betalt for 3-retters frukost, niste og 3-retters middag kvar dag.
Depositum skal betalast ved påmelding: kr 2 000,- til Stord-Fitjar turlag kto 3626 52 75634.
I tillegg kjem kjøring, som er 1014 kr inkl bompengar m brikke/1026 kr inkl bompenger u brikke. Rekna ut slik: 285 km a kr 3,50 + bompengar. Dette utlegget blir å dele på personane i bilen.
Påmelding startar 1. mars 2026 kl 12.00 i aktivitetskalenderen. Du må vera medlem i DNT for å melda deg på turen.
For meir info, kontakt: Unn Sara Spissøy , tlf 907 80 345, mail: unnsara.spissoy@gmail.com
Reidar Lunde, tlf 90555464 mail: reidar.lunde@delphigroup.no
MERK!
Det står at tilbodet er gratis. Det er ikkje tilfelle. Viser til prisar i teksten over.